torsdag 27. november 2014

Oppstart 27. november - val av tekst


Denne bloggen skal være eit avtrykk av arbeidsprosessen bak prosjektet: Løland i eit digitalt bildebokunivers. Prosjektet tek utgangspunkt i ein av dei barnelitterære tekstane til Løland. Denne teksten skal om formast til eit digitalt bildebokmateriale. Undervegs i arbeidet håpar eg å komme fram til kriterier som kjenneteiknar kvalitet i digitale bildebøker. 
 
Det første eg vil setje i gong med er å finne fram til teksten arbeidet skal kverne rundt.
Dosent Sveinung Nordstoga har skrive doktoravhandlinga «Livshistorier på Landsmål – Andreas Astlids Lesebok for folkeskulen – eit lesebokprogram blir realiser». I denne tek han mellom anna for seg Løland som lesebokskrivar.

Notat frå dagen, arbeid med teksten

Han skriv: Hejlsted (2007:137) kategoriserer den implisitte forteljaren i to typar, den fenomenologiske (stream of consciousness) og den fænomenologisk – behaviouristiske. Denne siste typen beskriv hendingar innanfrå og utanfrå ulike medvit, det er nettopp dette som skjer i Lølands tekst. Me vandrar inn og ut av medvite til dei fire, men er likevel så tett på at fokaliseringa er intern. Den fenomenologiske – behaviouristiske forteljaren er ein teoretisk konstruksjon som aldri kan fange opp alle nyansane i teksten. (Nordstoga 2013:258)

«Går inn og ut av barnemedvitet utan at avstanden blir for stor»

«Kanskje bileta av nasehornet i boka har gjort dei innbilske? Kunne dei lengre stola på bileta? – «Kunde ho faa dei til aa taka so i miss med ein stein og ei turrfura, so var det ikkje visst kor sætande ho var i alt det andre heller» (s.88). Refleksjonen syner at gutane er inne på det grunnleggjande spørsmålet om ein kan erkjenne eller forstå noko av eit bilete utan at ein kan relatere dette til kjente trekk ved omgjevnadene» (Nordstoga 2013: 260)

Tida er siste halvdel av 1800 – talet, staden er ei lita vestlandsbygd med eit tradisjonelt fellestun, eller eit klyngetun (jf. Drange, 2007:25)

Ein bevegar seg frå stad til stad i landskapet, og kjem tilbake til utgangspunktet. Denne vandringa fører også til at kjensla av tid, som ein regulerande faktor for åtferd, forsvinn, og ho blir så og seia oppheva som dimensjon i store delar av forteljinga. Men i siste del betyr tida mykje. Nashornet blir ikkje mindre trugande i måneskinnet etter at det har blitt mørkt. (Nordstoga 2013:261)

Fyrste kriterie:
Skal eg formidle noko om Løland sitt liv/ omgjevnader/ haldingar knytt til si samtid, eller skal eg sette historiene inn i samtid for å aktualisere innhaldet for lesarar i dag?

«Han legg dessutan inn spark til autoritetar og kristenliv i tekstanesine, spesielt Det store nashornet og Kvitebjørnen» (Nordstoga 2013:261)

«Fabuleringane utfordrar ofte den vaksne meininga og impliserer ein autoritetskritikk! (Nordstoga 2013:262)


Autslid ser at desse minna kan føre eleven inn i «den indre verkstaden, der kjenslor fødest, der tanken spring fram» (Nordstoga 2013:264)

"Fantasien representerer noko åndeleg, noko som lyfter førestillinga til barnet opp på eit immaterielt nivå sjølv om den i verste fall kan verke øydeleggjande og skape angst, slik me ser på slutten av teksen." (Nordstoga 2013:264)

Osmund Nordstoga foreslår å bruke teksten «Bekafanten og den store ormen».          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar