Om prosjektet



Prosjektet Løland i eit digitalt bildebokunivers har fått 50 000 kr i stipend frå Suldal Mållag og Ryfylkemusee. Ressursane gjer det mogeleg arbeide både med å fremje formidling av Løland sin barnelitterære forfattarskap og utvikle kompetanse på mediet bildebokapplikasjonar.
Når vaksne snakkar om digital framtid, er dette for lengst barna si nåtid. Sal av bildebok som digitale applikasjonar har eksplodert. Me er no i ei brytningstid der ein prøver å finne fram til ein god form på litterære applikasjonar for barn. Den kommersielle delen av marknaden frir uhemma til barna med heftig sansestimulering. Slik fjernar den seg frå den litterære opplevinga. Me treng å bygge kunnskap og kompetanse på kva ein god litterær applikasjonar er og skal vera. Gjennom å utvikle ein bildebokapplikasjon utifrå ein av Løland sine tekstar vil eg søkje å finne kvalitetar som kjenneteiknar gode litterære bildebokapplikasjonar. Heilt konkret vil eg jobbe meg gjennom framstillingsprosessen og sjølv erfare dei ulike problemstillingane ein vil stå overfor i på vegen frå ein utvald Lølandtekst til bildebokapplikasjon.
I fyrste omgang er det ikkje snakk om å ferdigstille bildebokapplikasjon, men når undersøkinga er gjort vil det forligge eit digitalt bildebokmateriale som i neste omgang kan vidareførast, ferdigstillast og publiserast som bildebokapplikasjon i til dømes App Store eller Google Play. Dette føresett fleire ressursar inn i prosjektet og at eg får kontakt med eit forlag som ønskjer samarbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar