fredag 20. november 2015

Barn bruker meir og meir tid med nettbrettet. Kvifor bryr ikkje vaksne seg om kva dei gjer der inne?




Ungen i mørket
Kronikk i Klassekampen, Torsdag 17. september 2015, av Ingrid Holmboe Høibo


Guten sit krumbøygd og med si fulle merksemd vendt mot skjermen. Nokre gonger kjem latter andre gonger song og prat. Ivrig tapping med finger mot skjerm. Merksemda er høg og avleiing er vanskeleg. Han er nett fylt fire og sit aleine med eit av sine fyrste kulturmøte.

I 82 %  av dei norske heimane er iPaden eit dagleg innslag. Barn i alderen 1-12 år bruker i snitt 43 minuttar på å spele data-/TV-/mobilspell kvar dag (tal frå medietilsynet, 2014). På få år har barns møte med kulturuttrykk endra seg totalt. Barne-TV til fastsett tid, sensurert og presentert av TV-vert, er bytta med nett-TV. Dataspel, som ein tidlegare måtte vera ganske stor for å kunne logge seg inn på, er no tilgjengeleg ved eit fingertapp. Bøker presentert i eit fang ligg no tilgjengeleg med opplesarstemme og integrerte moglegheiter for interaksjon med mediet. Ein kan teikne, filme, fotografere og animere med iPaden, men kven sørgjer for at det som blir servert barnet er av god kvalitet?

Dei siste fem åra har salet og konsumet av nettbrett eksplodert. Særleg barn har fått stor tilgang til dette mediet. Barn finn fram til dei applikasjonane dei ønskjer å bruke sjølv. Dei lever i ein kultur der dei blir visuelt bombardert kvar dag, og dei har lært seg å manøvrerer i dette mylderet av uttrykk. Mykje av manøvreringa går på intuisjon. Nettbrett spelar nettopp på denne intuitive måten å manøvrere på. Ofte er det kjennelege figurar, stereotypar og spin-off-produkt frå TV og film som blir valt til fordel for meir utfordrande og mangfaldige visuelle og tekstlege uttrykk.

For mange handlar det "å gjer iPad" i stor grad om tidtrøyte og barnevakt. Ein skil ikkje på kva denne bruke går ut på. Eg har gjort undersøkingar i barnehagar der iPad samvitsfult er kjøpt inn, som eit ledd i målet om å utvikle såkalla digital kompetanse. Men bruken av verktøyet har gått ut på å spele Angry birds, Lego, Kittykat eller liknande, som ei løn for andre utførte aktivitetar eller oppgåver.

Denne typen aktivitet kan vera kjekk som underhalding, men den utviklar verken evna til å lese bilde eller tekst, heller ikkje barnets kreativitet eller nysgjerrigheit. Målet med slike apper er å nå ein masse førehandsdefinerte mål. Fascinasjonen for spela kjem frå gjenkjenninga av figurar og den hyppige bruken av påskjønning og repetisjon i applikasjonen.

Det seier seg sjølv at denne typen applikasjonsaktivitet ikkje legg til rette for nokon litterær, biletleg eller filmatisk kunstoppleving. Barn treng å utfordre, bygge og øve på sitt visuelle og tekstlege vokabular, til dette treng dei gode kultur- og kunstmøte som gir dei den breidda og kvaliteten dei fortener.

Mange av applikasjonane på marknaden er så spekka av interaktive oppgåver, intens bruk av visuelle og auditive effektar at dei ikkje gir plass til barnet sin eigen refleksjon. Førskulelærar og pedagog Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage, skriv at pedagogane ønskjer at digitale verktøy skal brukast til noko meir enn å fortelle barna kva dei trenger å vite.  Ho ønskjer seg bort frå applikasjonar der ein skal nå ein masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom faktaprega læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi veit om ungane lærer noko. Ein bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved at dei får bidrar sjølv, då vil dei lære meir.

Den digitale bildeboka har på få år blitt ein stor suksess, og sjølv om den ofte tek utganspunkt i gode forteljingar er kvaliteten på det ein finn i Appstore og Googleplay svært varierande. Søker ein vilkårleg etter barnebok, er det fyrst og fremst dei kommersielle bildebøkene som dukkar opp. Særleg er det mange bildebokapplikasjonar som baserer seg på kjente eventyr og forteljingar der opphavsretten er gått ut.

Ein får også inntrykk av at bildebokapplikasjons-utviklarane berre har eit minimum av visuell kompetanse. Dei spelar difor på klisjéaktig uttrykk, sjablongar, fattige bilde og flate karakterar. Ofte brukar dei det som er av effektar, og resultatet blir heftig sansestimmulering som endar opp i bråk og kaos - utan innhald. Det er med andre ord mykje ræl.

barnebokkritikken.no skriv Atle Berg at kritikken av norske barnebokappar nesten er fråverande. Sjølv om dei fleste forlaga no har komme i gong med å lage og tilby bildebokapplikasjonar, og salet av desse har steget i været, manglar me kriterium, og omgrep for å kjenne att kvalitet. Sjølv om omfanget av bokapplikasjonar aukar, salet og bruken aukar, blir det ikkje møtt med tilsvarande engasjement frå litteraturkritikken. Ofte blir dei berre omtala med ein kort presentasjon, ofte med fokus på funksjonslyte og eit terningkast. Kritikken tar ikkje opp den litterære eller visuelle kvalliteten i bildebokapplikasjonen.  

Slik det er no, er det barnet sjølv som sit med oppgåva, ofte åleine utan nokon å drøfte dei ulike kulturuttrykka og kunstopplevingane med. Me treng diskusjon og me treng engasjement frå vaksne, frå vitarar innanfor dei ulike fagfelta. Me treng pedagogar som har ambisjonar for barns møte med applikasjonar utover å opp øve digital kompetanse.

Me treng vaksne som tek mediet på alvor.

Barnet sin nærmaste vaksne må få ein forbrukarguid, vokabular og kriterium å støtte seg på for å finne fram til gode kunstmøte og kulturuttrykk på nettbrett.

torsdag 29. oktober 2015

Om digitale teikneseriar

Torsdag 29 oktober haldt Fredrik Rysjedal foredrag om sitt eige arbeid med digitale teikneseriar. Her var det fleire kryssande erfaringar og refleksjonar som også er relevant for arbeidet mitt med digital bildebok. På DSL+-bloggen har me skrive eit resyme frå foredraget, det finn du her:

Om foredraget til Fredrik Rysjedal på DSL+-bloggen


Den nyaste teikneseriearbeidet til Rysjedal får du eit glimt av her:
 

torsdag 18. juni 2015

Synopsis av hunden og katten


Bård og Olav leiker med gardsbruk laga av stein og kvist i hammaren.

Morbror kjem med to figurar, ein hund og ein katt. Bård får hunden, Olav får katten.
Dei kjem til at hunden til Bård er finare enn Olav sin katt, noko som er ein uvant situasjon sidan Olav er den som plar ha det som er gjevast. Denne vurderinga får dei støtte i både hjå folket på dei to gardane er dei er ifrå, samt venene og drengen.

Olav finn seg ikkje i vurderinga, blir sint på sin eigen katt. I kveldinga tek han seg opp til fjellskråninga det Bård har sete att hunden og vel så å rase steinløa den står i , samt knekke av halen på den i fleire bitar.
Neste morgon angrar han, Bård finn den øydelagde hunden og er utrøysteleg. Mistenka på kven som har øydelagt for Bård, dreg seg for over på Olav. Alt verkar svart for Olav. 

Tenesteguten Tarald let som om han har sett det Olav gjorde, difor gjer Olav ifrå seg tolvskillingen til Tarald for at han skal teie. 

Olav må likevel gå ei tid til i redsel for at den store løyndomen skal kome ut.
Det blir søndag att og Olav oppdagar at heller ikkje Bård har blitt med til kyrkja. Bård vil vise han den nye, hele hunden han har fått frå Morbroren. Han fortel at dei har kome til at det må vera grisane som vart slept ut opp i fjellskråninga som har øydelagt hunden Bård fekk. Alle trur det no.

Gutane spring saman ut i solskinet.  Olav er letta og byggjer eit nytt og finare hus til Bård, enn sitt eige.

torsdag 19. februar 2015

Arbeidsplassen


Katten



Katten bør vera litt sleip i uttrykket, litt nonsjalant, likeglad, skjødesløs sidan det er denne som skapar uro og dårleg stemning i teksten. Eg fekk påpeikt frå Guro 8 år at denne katten skulle jo ha krøll på halen, så det bør nok endrast, utover det trur eg farge og form er som det skal vera.

Val av tekst og søking etter eit bildeuttrykk


Etter mykje god lesing av Løland sine tekstar har valet på bildebokapplikasjontekst i dette prosjektet falt på ”Hunden og katten”. Teksten er henta frå Samlagets utgivning ”Gutar”, ei tekstsamling med forteljingar både frå Det store nashornet (1900) og Kvitebjørnen (1906). 

Forteljinga om hunden og katten handlar om sjalusi, vennskap. Det er også ei skildring av tida  Løland levde i, samtidig som ein kan relatere innhaldet og mykje av som skjer i forteljinga til notida. Det er eit svært nyansert bilde av barnelge kjensler og opplevingar. Teksten er ikkje alt for lang og den går føre seg på ein gard på vestlandet i den tida på året då vårsola byrjar å varme fjellsider og uteleikande barnekroppar.