Kronikk i Klassekampen, Torsdag 17. september 2015, av Ingrid Holmboe
Høibo
Guten sit krumbøygd og med si fulle merksemd vendt
mot skjermen. Nokre gonger kjem latter andre gonger song og prat. Ivrig tapping
med finger mot skjerm. Merksemda er høg og avleiing er vanskeleg. Han er nett
fylt fire og sit aleine med eit av sine fyrste kulturmøte.
I 82 % av dei norske heimane er iPaden eit dagleg
innslag. Barn i alderen 1-12 år bruker i snitt 43 minuttar på å spele
data-/TV-/mobilspell kvar dag (tal frå medietilsynet, 2014). På få år har barns
møte med kulturuttrykk endra seg totalt. Barne-TV til fastsett tid, sensurert
og presentert av TV-vert, er bytta med nett-TV. Dataspel, som ein tidlegare
måtte vera ganske stor for å kunne logge seg inn på, er no tilgjengeleg ved eit
fingertapp. Bøker presentert i eit fang ligg no tilgjengeleg med opplesarstemme
og integrerte moglegheiter for interaksjon med mediet. Ein kan teikne, filme,
fotografere og animere med iPaden, men kven sørgjer for at det som blir servert
barnet er av god kvalitet?
Dei siste fem åra har salet og konsumet av nettbrett
eksplodert. Særleg barn har fått stor tilgang til dette mediet. Barn finn fram
til dei applikasjonane dei ønskjer å bruke sjølv. Dei lever i ein kultur der
dei blir visuelt bombardert kvar dag, og dei har lært seg å manøvrerer i dette mylderet
av uttrykk. Mykje av manøvreringa går på intuisjon. Nettbrett spelar nettopp på
denne intuitive måten å manøvrere på. Ofte er det kjennelege figurar,
stereotypar og spin-off-produkt frå TV og film som blir valt til fordel for meir
utfordrande og mangfaldige visuelle og tekstlege uttrykk.
For mange handlar
det "å gjer iPad" i stor grad om tidtrøyte og barnevakt. Ein skil
ikkje på kva denne bruke går ut på. Eg har gjort undersøkingar i barnehagar der
iPad samvitsfult er kjøpt inn, som eit ledd i målet om å utvikle såkalla digital
kompetanse. Men bruken av verktøyet har gått ut på å spele Angry birds, Lego, Kittykat
eller liknande, som ei løn for andre utførte aktivitetar eller oppgåver.
Denne typen aktivitet kan vera kjekk som underhalding,
men den utviklar verken evna til å lese bilde eller tekst, heller ikkje barnets
kreativitet eller nysgjerrigheit. Målet med slike apper er å nå ein masse
førehandsdefinerte mål. Fascinasjonen for spela kjem frå gjenkjenninga av
figurar og den hyppige bruken av påskjønning og repetisjon i applikasjonen.
Det seier
seg sjølv at denne typen applikasjonsaktivitet ikkje legg til rette for nokon
litterær, biletleg eller filmatisk kunstoppleving. Barn treng å utfordre, bygge
og øve på sitt visuelle og tekstlege vokabular, til dette treng dei gode kultur-
og kunstmøte som gir dei den breidda og kvaliteten dei fortener.
Mange av
applikasjonane på marknaden er så spekka av interaktive oppgåver, intens bruk
av visuelle og auditive effektar at dei ikkje gir plass til barnet sin eigen
refleksjon. Førskulelærar og pedagog Cathrine Darre i Myrertoppen barnehage,
skriv at pedagogane ønskjer at digitale verktøy skal brukast til noko meir enn
å fortelle barna kva dei trenger å vite. Ho ønskjer seg bort frå
applikasjonar der ein skal nå ein masse førehandsdefinerte læringsmål. Gjennom
faktaprega læring automatiseras lett kunnskap, utan at vi veit om ungane lærer
noko. Ein bør i staden bruke teknologien til å skape engasjement hjå ungar ved
at dei får bidrar sjølv, då vil dei lære meir.
Den digitale bildeboka har på få år blitt ein stor
suksess, og sjølv om den ofte tek utganspunkt i gode forteljingar er kvaliteten
på det ein finn i Appstore og Googleplay svært varierande. Søker ein vilkårleg
etter barnebok, er det fyrst og fremst dei kommersielle bildebøkene som dukkar
opp. Særleg er det mange bildebokapplikasjonar som baserer seg på kjente
eventyr og forteljingar der opphavsretten er gått ut.
Ein får også
inntrykk av at bildebokapplikasjons-utviklarane berre har eit minimum av
visuell kompetanse. Dei spelar difor på klisjéaktig uttrykk, sjablongar, fattige
bilde og flate karakterar. Ofte brukar dei det som er av effektar, og
resultatet blir heftig sansestimmulering som endar opp i bråk og kaos - utan
innhald. Det er med andre ord mykje ræl.
På barnebokkritikken.no skriv Atle Berg at kritikken av
norske barnebokappar nesten er fråverande. Sjølv om dei fleste forlaga no har
komme i gong med å lage og tilby bildebokapplikasjonar, og salet av desse har
steget i været, manglar me kriterium, og omgrep for å kjenne att kvalitet.
Sjølv om omfanget av bokapplikasjonar aukar, salet og bruken aukar, blir det
ikkje møtt med tilsvarande engasjement frå litteraturkritikken. Ofte blir dei
berre omtala med ein kort presentasjon, ofte med fokus på funksjonslyte og eit
terningkast. Kritikken tar ikkje opp den litterære eller visuelle kvalliteten i
bildebokapplikasjonen.
Slik det er no, er det barnet sjølv som sit med oppgåva,
ofte åleine utan nokon å drøfte dei ulike kulturuttrykka og kunstopplevingane
med. Me treng diskusjon og me treng engasjement frå vaksne, frå vitarar
innanfor dei ulike fagfelta. Me treng pedagogar som har ambisjonar for barns
møte med applikasjonar utover å opp øve digital kompetanse.
Me treng
vaksne som tek mediet på alvor.
Barnet sin
nærmaste vaksne må få ein forbrukarguid, vokabular og kriterium å støtte seg på
for å finne fram til gode kunstmøte og kulturuttrykk på nettbrett.